Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu

Rune Fossum Lillesvangstu (1974) kjem frå Molde, men har budd i Sogn og Fjordane sidan 1999. Same året byrja han som sportsjournalist i avisa Firda. Der var han i nesten ti år, då han kom til NRK Sogn og Fjordane. Her har han vore vaktsjef i fem år, før han jobba som reporter på reporter på TV, radio og nett. Sidan 2016 har han vore faglærar med ansvar for journalistikk ved NRK Nynorsk mediesenter.

Lillesvangstu har bakgrunn som fenrik i Forsvaret, der han mellom anna var nestkommanderande ved Grense Jakobselv Grensestasjon på den norsk-russiske grensa. Han starta den journalistiske løpebana si  med ein bachelor i journalistikk frå Mediehøgskulen i Kristiansand. Han har også historie mellomfag frå Universitetet i Trondheim og grunnfag statsvitskap frå Høgskulen i Molde.

– Å vere faglærar er ei kjekk utfordring. Det er spennande å jobbe med unge, ivrige og lærevillige journalistspirer. Mykje handlar om å overføre gleda det er å få formidle gode historier til TV-sjåarar, radio-lyttarar og nettlesarar. Då kjem ein veldig langt, seier Rune Fossum Lillesvangstu.

Lillesvangstu debuterte som forfattar då han hausten 2017 gav ut boka «50 idrettsheltar frå Sogn og Fjordane».

 

Rune Fossum Lillesvangstu, Faglærar i journalistikk

Tlf.direkte:
57 72 42 67

Sentralbord:
57 72 42 42

Mobil:
91 87 41 11

E-post:
rune.fossum.lillesvangstu@nrk.no