26. mai 2016

Tjørhom til Kirkens Nødhjelp

Vegard Tjørhom er fast tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp frå august 2016. Sidan påsketider har han vore SoMe-ansvarleg i organisasjonen. – Kirkens Nødhjelp har vist at dei vil satse på meg, og dei ønskjer å bygge vidare på den kompetansen eg har, og det kjennest veldig godt. No gler eg meg til å lære endå meir om Afrika, utvikling og bistand, og samstundes gjere så godt eg kan for at fleire der ute skal få vite meir om Kirkens Nødhjelp sitt viktige arbeid, seier Vegard Tjørhom.

Vegard Tjørhom (1987), frå Sirdal i Vest-Agder, var nynorskpraktikant våren 2013. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og var tilkallingsvikar der ut året. Frå januar til juni 2014 var han praktikant i FN. Etter at han kom att frå USA var Tjørhom vikar/tilkallingsvikar i utanriksavdelinga i NRK, og arbeidd også elles i nyhendeavdelinga for nett, radio og fjernsyn til påska 2016.

– Eg er særs takknemleg for at det har opna seg ein moglegheit for meg i Kirkens Nødhjelp. Her får eg sjansen til å jobbe med tema eg synest er både interessante og givande, og eg får god bruk for mine tidlegare arbeidserfaringar frå til dømes Mali, New York og NRK, seier Tjørhom.

Før Vegard Tjørhom byrja på NRK Nynorsk mediesenter hadde han studert statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo, og vore sommarvikar i Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende. Han hadde studert Afrikanske og asiatiske studiar ved Universitetet i Oslo og Tverrkulturell kommunikasjon ved Hald Internasjonale Senter (Mandal). Han hadde vore eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap. Då arbeidde han i landsbyen Douentza nord i Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.