12. april 2011

Tjue håpefulle

Ved arbeidstidas slutt 12. april er det tjue håpefulle søkjarar til kull 15. Søknadsfristen går ut komande fredag. Vi håpar på fleire, vel vitande om at mange brukar å vere ute i siste liten. Eg kjem til å lese søknader i påskeveka og kalle inn til konferansar når kull 14 har reist i ekstern praksis frå 2. mai. Då vert […]

Ved arbeidstidas slutt 12. april er det tjue håpefulle søkjarar til kull 15. Søknadsfristen går ut komande fredag. Vi håpar på fleire, vel vitande om at mange brukar å vere ute i siste liten.

Eg kjem til å lese søknader i påskeveka og kalle inn til konferansar når kull 14 har reist i ekstern praksis frå 2. mai. Då vert det to inntense veker med konferansar og studiotestar av dei vi finn mest aktuelle i søkjarbunken. Vona er å tilsette til 17.mai, slik at dei som har søkt får ei rask avklaring.

No som før leitar vi etter nynorskbrukarar med lyst, vilje og engasjementet til å bli gode journalistar. Sidan starten hausten 2004 har vi sendt frå oss 65 nynorskpraktikantar, og per dags dato har 75 % av dei heil- eller deltidsarbeid i media. Dei fleste er i NRK. Ynskjer du å vite kvar den einskilde er finn du dei detaljane her.

Det er mangel på nynorskbrukande søkjarar frå Agder, Telemark, Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen, Trøndelag og Nord Norge. Frå Agder og Valdres har vi ikkje hatt ein einaste nynorskpraktikant dei snart seks åra vi har drive på. Det hadde vore kjekt om dei dukka opp no, for vi ynskjer å lære opp gode føredøme også derifrå.

Fleirkulturelle nynorskbrukarar er det heller ikkje overflod av. Vi har hatt to og tek gjerne mot fleire. Men uansett om de kjem frå aust eller vest, sør eller nord her i landet – alle som føler at dette opplegget høver dei må søkje.

Kull 15 skal starte på opplæringa i Førde måndag 22. august i år, og er ferdige til 1. mars 2011. Det er ein rask og effektiv veg inn i journalistikken. Søk her