8. august 2013

Programleiarpar i Nitimen

Når Nitimen er på lufta att etter ferien er det to tidlegare nynorskpraktikantar blant programleiarane. Karl Kristian Langeland (29) og Birte Njøsen Horne (28). Dei vert endåtil ein programleiarpar.

Karl Kristian har vore ein av programleiane i Reiseradioen i sommar og Birte har vore ein av vaktsjefane for programmet. Ho kjem frå Florø i Sogn og Fjordane og gjekk på det andre kullet med nynorskpraktikantar, i 2005. Han er frå Hellesylt på Sunnmøre og gjekk kull 13, i 2010/11.

– Dette er programleiartypar som eignar seg for program som Nitimen, og det er kjekt at det kjem inn nynorsknære dialektar i dette populære riksprogrammet. Det er ei stund sidan sist, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Karl Kristian Langeland tykkjer det er eventyrleg å få denne sjansen. Han var innom Nitimen i vår og hadde håpa på å få halde fram, men ikkje våga tru det. – Dette er rett og slett STOR stas på alle vis, seier Langeland.

– Vegen fram hit har vore veldig fin for meg. Fyrst NRK Nynorsk mediesenter, som opna dørene for meg. Deretter to fantastiske år i NRK Sogn og Fjordane og så sommarjobb i Reiseradioen. Eg har all grunn til å smile og føle meg svært takksam. Så får eg sjå kor lenge oppturen varer, seier Karl Kristian Langeland.

Endeleg kan eg seie det høgt

Birte Njøsen Horne har visst om denne jobben ei stund, og no kan ho endeleg snakke høgt om han. – Full party her! No har eg fått vite kven eg får som makker og smiler mitt breiaste colgateglis! Og så ein så kjekk ein då!

– Vegen hit starta på Nynorsk mediesenter for 100 år sidan. Sidan det har eg jobba i mange ulike program i NRK. Dei siste åra har eg ikkje arbeidd med radio, så eg gler meg veldig til å gjere det igjen, seier Birte Njøsen Horne.