18. juni 2019

To nominerte til Prix Radio

Arianrhod Engebø er nominert til prisen «Årets unge radioprofil» i Prix Radio under Radiodagane. Ho har sitt eige program på NRK P3 med tittelen «Arian». Det vert delt ut 19 radioprisar under Radiodagane 20. september. Også ein annan tidlegare nynorskpraktikant er nominert til ein pris. Det er Sigrid Agnethe Hansen, som er ein av programleiarane for «Fredag ettermiddag» i NRK Troms. Dei er nominerte i kategorien » Årets lokale sendeflate».

Det er fem nominerte i kvar kategori. – Prix Radio er norsk radiobransje si Oscar-utdeling og nok ein gong er nivået heva, seier Morten Scott Janssen, som er leiar for hovudjuryen. – I år er det bidrag frå 20 ulike radiostasjonar og podcastprodusentar og det syner breidda i radioproduksjonen i Noreg, seier Janssen.

Arianrhod Engebø (1994), frå Førde, var nynorskpraktikant på kull 27, 2017/18. Ho hadde ekstern praksis på P3 Desken, i NRK P3, på Tyholt i Trondheim. Etter avslutta praksis fekk ho eit årsvikariat i mP3, på Tyholt. Frå våren 2019 er ho programleiar for eige program i NRK P3, «Arian», oppkalla etter henne sjølv.

Sigrid Agnethe Hansen (1989), frå Harstad, var nynorskpraktikant på kull 21, 2014/2015. Ho hadde ekstern praksis i NRK Troms, fekk vikariat der og vart fast tilsett i april 2016. Hansen arbeider som  programleiar og produsent i NRK Troms.