https://www.nynorskmediesenter.no/To prisvinnarar
18. juni 2012

To prisvinnarar

Hilde Sandvik, BT, og Katrine Sele, Firda, deler Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar i 2012. 

Hilde Sandvik (1970) er kultur-og debattredaktør i Bergens Tidende, Katrine Sele (1972) er journalist i Firda.

Det kom inn 28 framlegg til prisen, og mange av dei var frå avisverda. Dei to prisvinnararne frå 25.000 kroner og eit kunstverk kvar. Prisane vert delte ut under Dei nynorske festspela i Ørsta, fredag 29. juni.

Juryen seier dette om prisvinnarane i 2012:

Katrine Seleer journalist i lokalavisa Firda, som kjem ut i Førde i Sogn og Fjordane. Ho arbeider som både nyhende- og kulturjournalist. Spesialiteten hennar er lange kulturreportasjar, ei blanding av resportasje, kulturartikkel og kommentar. Testane byggjer alltid på eit grundig arbeid på førehand. Ho snakkar med masse folk, har gode kjelder og stiller spørsmål som vi ikkje visste at vi lurde på. Tekstane lever vidare i tankane i lang tid etterpå, og ho er ikkje redd for å vekke debatt.

Sele skriv om folk som til vanleg ikkje kjem til orde i media; som born og eldre, utviklingshemma og etterkomarane etter Helene i Brenningmysteriet frå krigen. Ho skriv om kultur og kulturelle forhold, alt frå bykulturen i Florø til Countryfestivalen i Breim. Bak møtet med «vanlege» folk, vaker store spørsmål: Kva handlingar kan vi godta i ein krigssituasjon? Kva gjer at nokon tilgir, andre ikkje? Kva for ein personleg kamp ligg bak vala til folk?

Det er ofte ein slags kulturkommentar innbakt i reportasjane hennar. Det verkar som om ho ynskjer å vise fram idear, tenkemåtar og veremåtar. Ho er ute blant folk, snakkar med einskildpersonar som pregar omgjevnadane, og observerar miljø.

For Katrine Sele vart sidemålet hennar, nynorsk, arbeidsspråket i nynorskavisa Firda. Ho er såleis eit godt døme på at bokmålsfolk kan bli gode nynorskbrukarar, om dei vil, kan og må – og at det er viktig med sidemålsundervising i skulen. Språket hennar er enkelt og godt å lese, ho arbeider med det og har utvikla sin eigen tydelege «signatur». Det er lett å kjenne att det Katrine Sele har skrive.

Hilde Sandvik er kultur-og debattredaktør i Bergens Tidende. Ho skriv alltid nynorsk i kommentarane og intervjua sine, og kommentarane set stadig oftare dagsorden både for debattar i sosiale media og i debattprogram i radio og fjernsyn. Sosiale media har opna ein heilt ny arena for kommentarstoff, og her har Hilde Sandvik skapt eit stort og godt rom ikkje berre for seg, men også for nynorsken. At ho har vorte ein del av det såkalla «kommentariatet», syner seg gjennom deltaking i alt frå debattprogram som Dagsnytt 18 og Aktuelt i NRK2 til prateprogram som Fredagspanelet i NRK P2 og Nytt på Nytt i NRK1.

Berre i løpet av dei siste månadane har ho skapt stor debatt med fleire kommentarar. I oktober 2011 kom ho med eit uredd og viktig bidrag i debatten om korleis kvinnelege skribentar og offentlege samfunnsdeltakarar blir møtt med sjikane, ikkje berre på nettet, men også av seriøse meiningsmotstandarar. Månaden etter skreiv ho Monsterfabrikken, der ho gjekk til kraftig åtak på ein venstresidepolitikar som ville mane til varsemd i debatten om innvandring etter 22.juli. Twitter jubla og Facebook kokte, kommentartrådane var mange og både god- og vondorda sat laust. I kommentaren Kjærleikens sørgereise viser ho korleis bruk av nynorsk er eit hinder for den som ynskjer seg karriere som journalist eller kommentator i norske media. Samstundes sette ho ord på kor kjenslevart og personleg spørsmålet om bruk av nynorsk er for mange.

Hilde Sandvik er ein uredd debattant, som går til åtak utan nåde når det trengs og som gjer klart og tydeleg greie for argumenta sine. Ho brukar gjerne personlege anekdotar for å belyse viktige saker, og skriv ofte nære og gripande kommentarar som er til inspirasjon for samkjensla i oss, skriv juryen.

I juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er NRK-journalist Gry Molvær, leiar. Ho har med seg Tom Hetland, kommentator i Stavanger Aftenblad og forfattar Olaug Nilssen. Magni Øvrebotten er sekretær for juryen.