12. september 2016

To utlysingar

Denne veka lyser vi ut internt ein fast jobb som faglærar i NRK Nynorsk mediesenter, og vi lyser ut kull 26. Det vert lyst ut eksternt.

Den faste jobben som faglærar er ledig etter at Terje Gilleshammer i sommar vart tilsett som dk-redaktør i NRK Sogn og Fjordane. Før den jobben vart ledig hadde Gilleshammer fått permisjon som faglærar og Rune Fossum var tilsett i vikariatet fram til 1.april 2017.
Fossum har vore fast tilsett som journalist i NRK Sogn og Fjordane sidan 2009. Faglærarjobben vert lyst ut internt i NRK med søknadsfrist 2. oktober. Fordi det er ei intern utlysing får du ikkje opp stillingsannonsa på sida vår.

Kull 26 er lyst ut eksternt med søknadsfrist 16. oktober, så får folk heile helga til å skrive søknader på. Den faste søknadsfristen er 15. oktober, som i år fell på ein laurdag. – Det slær nemleg aldri feil at tyngda av søknadane kjem siste dagane, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.