5. november 2012

To veker med adrenalin

Eg har vore to veker i sendingsteamet. Det har vore heilt fantastisk kjekt! Kvar dag har eg vore ute på tur saman med HF eller med opptakar. Nesten kvar dag har eg vore i studio for å introdusera og prata om sakene eg har vore ute på. Her kan du høyra korleis det gjekk då […]

Eg har vore to veker i sendingsteamet. Det har vore heilt fantastisk kjekt!

Kvar dag har eg vore ute på tur saman med HF eller med opptakar. Nesten kvar dag har eg vore i studio for å introdusera og prata om sakene eg har vore ute på.

Her kan du høyra korleis det gjekk då eg hadde to jenter frå 8. klasse på Høyanger skule med meg ein heil dag. Dei hadde Operasjon Dagsverk i NRK Sogn og Fjordane og vi reiste til Høyanger for å intervjua nokre av klassekameratane deira om OD.

Her kan du høyra korleis det gjekk då eg skulle på min første HF. Det var meld om snø i løpet av natta og eg skulle eigentleg vera med ein brøytebil frå klokka seks til sju om morgonen.

Dessverre vakna eg utan eit snøfnugg i lufta. Då var det greit at eg hadde ein plan B. Eg skulle læra meg å skifta dekk. Eg veit ikkje kor mykje eg faktisk fekk med meg av dekkskiftet, men eg lærte mykje om på vera direkte med HF!

Det er utruleg kjekt at dei i redaksjonen stolar så mykje på oss praktikantane at dei reknar med å få stoff frå oss!