9. oktober 2013
av Randi Indrebø

To veker til vi skal på desken!

I dag er det berre to veker igjen til vi skal ned på desken. Tida har gått utruleg fort, men så har vi lært veldig mykje allereie og det er kjekt! 🙂

Sist veke byrja vi med TV. Vi lærte oss å bruka P2kamera, redigera i Adobe Premiere og lesa inn kommentarar. Å lesa inn kommentar var vanskelegare enn eg fyrst hadde rekna med. Heldigvis fekk vi god hjelp frå Eva Westvik, så etterkvart vart det betre og mykje kjekkare å kommentera.

Fyrste tvreportasje laga Britt Kristin og eg saman. Vi reiste til ein verkstad og til Statens vegvesen for å høyra når ein burde «få ut fingeren» og bytta dekk. Å vera fotograf er kjempe stilig, men det er utruleg mykje ein må tenkja på. Ein må få bilete frå fleire vinklar, samtidig som bileta må vera gode.

Vi har hatt to forelesingar sidan sist. Fyrst ein dag med Svein Brurås som fortalde om etikk i journalistikken, og så to dagar med Jan Olav Fretland som underviste om språket vårt. Begge var veldig interessante, og eg lærte utruleg mykje.

 

_MG_7779

Praktikantane har og vore kulturelle denne veka. På måndag var vi på teater og såg Bikubesong. Tredje gongen eg har sett den, men den er lika kjekk kvar gong.

 

I dag reiser heile gjengen til Oslo! Her skal vi besøka Marienlyst. Gleder meg kjempe masse!

Eg skal vera flink og ta bilete, så kan dykk få sjå når eg kjem heim.

Snakkast då!

Tale.