25. april 2019

Tolv til konferanse

Vi har byrja med intervju, nynorsk- og studiotesting av søkjarane til kull 31 med nynorskpraktikantar. Tolv av 34 søkjarar er førebels kalla inn til intervju, seks denne veka og seks den neste. Vi håpar å tilsette fredag 3. mai.

Om det vert aktuelt å kalle inn fleire til intervju veit vi ikkje enno, det avheng av kor nøgde vi vert med dei vi har inne. Tre av dei tolv vi har kalla inn har også søkt Nynorsk avissenter, og må ta eit val om kvar dei vil gå, om vi begge tilbyr dei plass.

I NRK Nynorsk mediesenter er det faglærar Rune Fossum Lillesvangstu og leiar Magni Øvrebotten som tilset kull 31. Medrekna det er det tilsett 155 nynorskpraktikantar dei 15 åra NRK Nynorsk mediesenter har vore i drift.

Kull 30 dreg snart frå Førde for to månadar ekstern praksis. Den skal dei ha i NRK Sporten, innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, NRK Finnmark, NRK Supernytt og NRK Sogn og Fjordane. Per dags dato arbeider 57 prosent av dei 145 vi har lært opp i media, og 40 prosent av dei er i NRK.