https://nynorskmediesenter.no/Tre bulletengdebutantar
11. desember 2009

Tre bulletengdebutantar

Tre spente og nervøse praktikantar fekk kjenne pulsen då dei las sin fyrste nyheitsbulleteng. Alle debuterte same dagen.

-Eg var veldig nervøs då eg såg at det berre var ti sekund igjen til eg skulle på sending. Men då det heile begynte, gjekk det faktisk veldig greitt. No vil eg lese meir, seier Simon Solheim.

-Det var ein ny type utfordring å lese bulleteng. Det går direkte, så det er lite rom for feiling. Sommarfuglane i magen kom flygande, men tok faktisk enno meir av etter sendinga. Alt i alt eit lite adrenalinkick som gjerne kan gjentakast! Det seier Aleksander Vallestad .

Dei tre praktikantane som debuterte i dag har klart seg med glans. Aleksander fekk erfare at akkurat då han følte han hadde kontroll og kanskje vart litt eplekjekk så mista han nok kontrollen og snubla i orda. Simon var veldig nervøs før han skulle på og difor las han alt han orka og enda med å ha 15 sekund han måtte improvisere, men det gjekk veldig bra. Sara fekk lokka med seg Per Kristian Grimeland i studio og dermed kunne også ho glede seg over å ha lese sin fyrste bulleteng.

-Det var utruleg kjekt å lese bulletin! Det kunne eg tenkt meg å gjere kvar dag. Eg håper også at vi rekk å lære å avvikle sjølve, før vi reiser frå Førde, seier Sara Myhren Kornberg etter å ha lese sin fyrste nyheitsbulleteng.

-Det er mange utfordringar for bulletenglesaren. Det er viktig å halde seg rolig og ikkje lese for fort, for lyttaren må klare å henge med. Det hjelper lite at nyheitssakene er kioskveltarar dersom ikkje lyttaren får dei med seg, seier Støfring. Ho har losa mange gjennom debuten på den nervepirrande nyheitsbulletengen. -Det er heilt umogeleg å vite kva som skjer med kroppen då det raude lyset kjem på! Munnen blir tørr, henden dirrar og orda hoppar på skjermen.

Til veka skal dei to andre praktikantane, Bjørn Ivar og Mathias, i elden. Dei har dermed god tid til å grue seg og byggje opp masse nervar…