7. februar 2020

Tre faste jobbar på ei veke!

Den siste veka har tre tidlegare praktikantar fått fast jobb i NRK.

FAST JOBB: Elise Kvien byrjar i april som ny programleiar i NRK Vestland i Førde.

Først ute var Arianrhod Engebø, som sist veke fekk fast jobb i NRK P3 på Tyholt. Deretter kunne Solveig Aksnes Nyhus skrive under på arbeidskontrakt med NRK Møre og Romsdal. Og så – berre nokre dagar seinare – vart Elise Kvien presentert som ny programleiar i NRK Vestland i Førde. Då sleppte ho jubelen laus.

– Eg sat på desken på Marienlyst – langt inne i Dagsnytt-verda, då telefonen kom. I skrekkblanda fryd gjekk eg frå desken for å svare. Då fekk eg vite at eg fekk jobben. Langt historie kort: Eg møtte kollega Louise med eit smil som fortalde alt. Ho visste kva som hadde skjedd. Midt på den elles travle nyhendesdesken, tok vi eit par-tre sigershopp. Bokstaveleg talt. Og nei, eg var ikkje litt flau eingong, seier Elise Kvien.

Sunnmøring i femtegir

Kvien var nynorskpraktikant på kull 29, der ho var ferdig med praksisen i P3 Nyhenda våren 2019. Etter om lag eit år med vikariat i direktelinja på Marienlyst har ho takka ja til den faste stillinga i NRK Vestland.

– Det er stas å vite at eg får kome tilbake til Førde – i fast jobb – og at eg og Stian Sjursen Takle skal vekke folk i Sogn og Fjordane i eit radioapparat nær deg. Eg har jo ein del år i studio til no, men det er klart at dette blir nytt. Alt eg kan seie er at eg er topp motivert, og at eg er klar til å «shake opp» radioen litt med ein sunnmøring i femtegir. Eg har allereie mange idéar som eg gler meg til å jobbe vidare med. For nokre kollegaar eg får, seier 23-åringen.

FAST JOBB: Solveig Nyhus Aksnes fekk nyleg fast jobb i NRM Møre og Romsdal.

Kan ikkje hugse liknande

Ho gler seg over at så mange tidlegare nynorskpraktikantar har fått seg fast jobb den siste tida.

– Då eg først fekk vite at Arian fekk fast jobb, var eg berre lukkeleg. Eg jobba så vidt med ho på Tyholt for eit år sidan, og ho har berre ein sånn fantastisk energi og gode vibbar. Og ikkje minst Solveig. Eg er så utruleg stolt. Dei har utan tvil valt rett person. Kull 29, det var det eg sa – ikkje undervurder eit jentekull, ler Kvien.

For tida jobbar ho i Dagsnytt og Alltid Nyheter, men frå 1. april er ho på plass i NRK Vestland. Tilsetjinga hennar toppar ei topp veke for NRK Nynorsk mediesenter. Så mange faste tilsetjingar i løpet av ei veke har ikkje skjedd før.

– Eg kan ikkje hugse ei så jobbrik veke før. NRK Rogaland tilsette to på éin gong same året som dei var ferdige. Men tre på ei veke er sjeldan og utruleg kjekt. Det er så stas når dei lukkast, seier leiar Magni Øvrebotten i NRK Nynorsk mediesenter.

FAST JOBB: Arianrhod Engebø har fått fast jobb som programleiar i NRK P3.