19. juni 2015

Tre lokalkontor-journalistar

Tre tidlegare nynorskpraktikantar er tilsette som lokalkontor-journalistar i NRK. Tale Hauso skal byrje som journalist i Odda i august, Asgeir Heimdal Reksnes arbeider i Eid og Stine Kyrkjebø Johansen skal til Sogndal etter sommaren. Reksnes er reine veteranen og har arbeidd det meste av tida som lokalkontor-jounalist etter at han var ferdig som praktikant for snart ti år sidan.

– Det vert nok utfordrande å skulle halde styr på ein stor region, og eg kjenner at dette vert eit stort, men spennande ansvar å ha, seier Stine Kyrkjebø Johansen. Ho gjekk på kull 17 og fekk fast jobb i NRK Sogn og Fjordane hausten 2013.  Johansen arbeider i NRK Sogn og Fjordane i Førde som journalist for radio, fjernsyn og nett, og som videojournalist.

Stine Kyrkjebø Johansen (Foto: Randi Indrebø/NRK)

Stine Kyrkjebø Johansen (Foto: Randi Indrebø/NRK)

«Eg ser verkeleg fram til å prøve meg i eit nytt miljø, og ta til på jobben på lokalkontoret i Sogndal. Sjølv om eg har vore innom ved fleire høve for å redigere saker der, blir det noko anna når eg skal kalle dette min faste arbeidsplass.

Som lokalkontormedarbeider håpar eg å bli godt kjent med både bygda og heile regionen, og lære om og formidle det som skjer der. Sogndal har fleire spennande miljø med høgskulen, forsking, gründerar og sport og friluftsliv. Eg satsar på å få reise mykje rundt i regionen og lage saker om det som folk er opptekne av der, både som reporter og fotograf.

Ein lokalkontorsjobb er naturlegvis meir einsam enn den eg har i dag i redaksjonen i Førde. Så eg er spent på om eg kjem til å sakne eit større fagmiljø.Men eg vert ikkje åleine. Ein god kollega jobbar allereie ved kontoret, og eg veit vi kjem til å samarbeide godt.», seier Stine Kyrkjebø Johansen.

Tale-Hauso

Tale Hauso (Foto/NRK)

– Eg gler meg til å bli lokalreporter i Hardanger, og læra endå meir om området og vita meir om kva folk er opptatt av, seier Tale Hauso, Ho har arbeidd i NRK Hordaland sidan ho var der i praksis. Hauso var nynorskpraktikant på kull 19, våren 2014.

«Eg trur det vil bli veldig lærerikt og ei stor oppleving, men og spennande og utfordrande. Eg vil bruka i hovudsak bilen som eit kontor, og dette gjer at eg kan fritt reisa rundt i området når og kor eg vil.

Det vil sjølvsagt bli annleis å ikkje gå til eit kontor og møta kollegaer kvar dag, men igjen så får eg møtt ulike personar i ulike situasjonar når eg reiser rundt. Dette ser eg som ein stor fordel og at eg er veldig heldig som får lov til å koma så tett opp mot lyttarar, sjåarar og lesarar.

Eg fekk prøva meg som lokalreporter då eg var i vikariat dette året. Då fekk eg oppleva kor utruleg varierte dagane er, og kor sjølvstendig eg får lov å vera i denne jobben. Eg har lyst å læra fleire ting og utfordra meg sjølv i denne jobben, så no har eg lyst å læra meg å bruke kamera på skikkeleg, og så har eg eit mål om å nå dei unge og vite meir om kva som opptar dei.

Så no gler eg meg til august!», seier Tale Hauso

Asgeir-Heimdal-Reksnes

Asgeir Heimdal Reksnes (Foto: Arne Stubhaug/NRK)

Asgeir Reksnes gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar våren 2006. Han er fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane, med base på lokalkontoret i Nordfjord. Reksnes har etablert seg med eit stort kontaktnett i Nordfjord, og leverer saker til distrikt- og riksproduksjonen.

– Kjekt at vi har folk som ikkje må klumpe seg saman i tettbygde strøk, seier Magni Øvrebotten. Ho gler seg over at så mange tidlegare praktikantar no skal arbeide på lokalkontor i NRK.