26. september 2018

Tre nye kurs i nynorsk

Noralv Pedersen og Rune Fossum Lillesvangstu skal ha tre nye nynorskkurs i november, for tilsette på NRK-kontora på Lillehammer, i Ålesund og Stavanger. Bilete er frå i vår, då dei hadde nynorskkurs i Porsgrunn.

Noralv Pedersen er journalist i NRK Sogn og Fjordane og Rune Fossum Lillesvangstu er faglærar i NRK Nynorsk mediesenter, men òg jamnleg innom journalistikken i NRK-redaksjonen i Førde. Til denne tid har dei hatt 70 tilsette på nynorskkurs, både nynorsk- og bokmålsbrukarar.

Kursa er ein del av Handlingsplanen for nynorsk i NRK, der det vart rådd til slike kurs for å auke nynorskkompetansen i NRK. Språksjefen gav NRK Sogn og Fjordane og NRK Nynorsk mediesenter i oppgåve å lage og halde slike kurs, og alle redaksjonar og avdelingar i NRK får tilbod om kurset “Skriv endå betre nynorsk”.

Emna for kurset er det ansvaret NRK har for nynorsk, nynorskrettskrivinga etter 2012-normalen, kjenneteikn på ein god tekst på nynorsk, smitte frå bokmålet, korrekt språk og godt språk.

– Å ha gode lærarar er viktig. Det hugsar vi alle frå skuledagane. Rune og Noralv er slike dyktige lærarar, som underviser med smil og humør. Begge er storarta pedagogar. Noralv legg vekt på både gramatikk og god flyt i språket, og ein rask gjennomgang av kommareglane. Det er ein fordel for kurset at Rune har bokmål frå grunnskulen i Molde. Det gjer at han har innsyn i kva som kan vere vanskeleg når bokmålsfolk skal lære seg nynorsk, seier språksjef Ingvild Bryn.

Kurset på Lillehammer er 6.november, Ålesund 13. november og Stavanger 20. november.