28. mars 2017

Trefte ein nerve hjå folk

For andre gong på ei veke har Snorre Sandemose skyhøge lesartal på ei sak på nettet. No med saka om NAV og mannen som fekk refs fordi han var på ski. I sist veke om alle som køyrde fordi ein ulukkestad. – I skrivande stund har saka om mannen på ski nær 210.000 sidevisningar og ikkje minst, fleire tusen kommentarar i sosiale medium. Snorre har treft ein nerve hos folk med saka, seier vaktsjef for nett i NRK Sogn og Fjordane, Geir Bjarte Hjetland.

Snorre Sandemose (Foto: Randi Indrebø/NRK)

– Saka ein svært tydeleg konflikt, den pirrar lesaren og den engasjerer breitt. Saman med rett publiseringstidspunkt er det årsaka til at denne går langt betre enn dei aller fleste andre saker i NRK-systemet, meiner vaktsjef Hjetland.

Nettjournalistikken er ein viktig del av praksisen for nynorskpraktikantane. I langt større grad enn for TV og radio, er nettet styrt av publikum sine dagsvanar. Difor jobbar nettjournalistane med flytande deadline, der aktuelle saker blir publisert utfrå kunnskapen om når folk les og kva artiklar dei vel å lese gjennom døgnet.

– Snorre Sandemose si sak om NAV og mannen som fekk refs fordi han var på ski, er eit døme på ei sak som blei publisert på ei tid på døgnet der mange har tid til å lese grundig. Laurdag føremiddag er tradisjonelt ei viktig tid for mediekonsum, noko vi også ser for lesing av artiklar på nett, seier vaktsjef Geir Bjarte Hjetland.