22. juni 2010

Treng vi rusen?

Sist veke var det Fagdag i NRK og mellom emna som vart sette på dagorden var: Treng vi rusen? Råma var Trygdekontoret til Thomas Seltzer og deltakarar i panelet var alkoholforskar Fanny Duckert, ein ung P3-medarbeidar (som eg ikkje fekk tak i namnet til), programleiar Anne Lindmo og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas. Eg gjekk dit med ei blanding […]

Sist veke var det Fagdag i NRK og mellom emna som vart sette på dagorden var: Treng vi rusen? Råma var Trygdekontoret til Thomas Seltzer og deltakarar i panelet var alkoholforskar Fanny Duckert, ein ung P3-medarbeidar (som eg ikkje fekk tak i namnet til), programleiar Anne Lindmo og kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas.

Eg gjekk dit med ei blanding av forventing og skepsis. Som avholdsmenneske heile livet har eg vore lite van med saklege alkoholdebattar, og slett ikkje at det vart sett spørjeteikn ved om ein treng rusen? Det er nytt i NRK, ja, kanskje i media i det heile. Gledeleg og på høg tid.

Den grunnleggande skeptikaren i meg rekna med at problemstillinga kom til å bli fjasa vekk, men det vart ho ikkje. Fanny Duckert og Hans-Tore Bjerkaas sytte for det, utan at gravalvoret tok nokon. Det vart ei både underhaldande og interessant ykt for eit fullsett studio.

I fjor bestemte NRK seg for å slutte å gje alkohol i gåve, og i nokon redaksjonar er ikkje vinlotteria like sjølvsagde lenger. Bjerkaas ville ikkje forby dei, men oppmoda om å tenkte over at dei kunne vere eit problem for dei som har problem. Dei er ikkje alltid like synlege. Han oppmoda dei som ikkje skjønte kva det vil seie å ha problem med rus om å lese biografien til den svenske forfattaren Per Olov Enquist . Der er det inga romantisering av rus som kreativ kraft, tvert om.

Rusen som kreativ kraft er ei av forklaringane mange brukar innan sokalla «kreative yrke», på line med argumenta for rus som kontaktskaping og avslapping. Mange har fått problem nettopp fordi dei ikkje får til å slappe av etter turnusvakter og høgt stressnivå, og tyr til alkohol for å klare det. Desto verre er det at det har vore så lite fokus på farane som ligg nettopp her, og lita merksemd kring drikkepress og alkoholbruk.

Når ein av deltakarane i panelet sette på spissen kor artig det kunne vere å reise på «heisatur»  med kollegaer og vener, var motspørsmålet frå Fanny Duckert : – Trur du alle hadde det like kjekt?

Nei, ikkje dei som har problem eller av ulike grunnar ikkje drikk. Å takke nei er grunnlag for fullt kryssforhøyr om kvifor, frå dei som drikk. Det er berre graviditet og bilkøyring som er godtekne forklaringar!  Om ein seier at ein aldri drikk, då er fyrste fordom at ein er superkristen, den andre at ein er turrlagt alkoholikar og den tredje at ein er ein festbrems. Rett og slett er der for å øydelegge stemninga! Avholdsfolk er for nokon utruleg provoserande.

Politisk overtyding Eg er grundig lei av å forklare at eg ikkje drikk av politisk overtyding, fordi eg ser på alhohol som eit verkemiddel til undertrykking og øydelegging av liva til mange, både barn og vaksne. Eg meiner at omsynet til dei som har problem,og familiane deira, skal gå føre «fridomen» til dei som held styr på forbruket sitt. Når eg kjem med desse argumenta ser eg at mange ikkje fattar at det går an å meine noko så hindides idiotisk. Fordommen er då at eg må vere barn av minst to alkoholikarar. Når eg ikkje er det heller gjev dei meg opp!

Vi avholdsfolk må leve med å bli kryssforhøyrde om kvifor vi ikkje drikk, og tidvis kjenne oss ganske utanfor i det våte selskap. Mitt problem – ja, merkeleg nok er det «mitt» – er at eg må gå før eg misser respekta for for mange på festen. Eg går ofte tidleg!

Velsigna med vatn på mote Men verda går framover og moten med å drikke vatn er ei velsigning for oss som stort sett ber om det når andre tingar vin. Eg hugsar enno ein servitør på eit kjendt norsk hotell, som med ei nedlatande mine svara slik då eg tinga vatn i staden for vin i 1977: – Hva ? Vann? Skal du ha det til å vaske deg med, eller…..? Slike typar møter eg heldigvis ikkje lenger.