30. mars 2020

Jobbintervju via Skype

Søknadsfristen for neste kull med nynorskpraktikantar er 15. april, og med dei koronatiltaka som gjeld no reknar vi med å ha jobbintervjua og testane via Skype, og ikkje med personleg frammøte i Førde. – Eg reknar med at folk lurer på korleis vi har tenkt å gjere det, og det er altså ingen grunn til ikkje å søkje, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Det er faglærar Rune Fossum Lillesvangstu og Øvrebotten som tilset kulla. Jobbintervjua vert i månadskiftet april/mai. Dei fem som kjem inn på kull 33 med nynorskpraktikantar skal etter planen byrja på opplæringa i Førde i midten av august.

Stoda per 30. mars er at kull 32 arbeider for NRK-redaksjonen i Førde og skal vidare i ekstern praksis frå 4. mai og ut juni. Faglærar Rune Fossum Lillesvangstu har permisjon for å skrive ei bok, og hadde byrja på permisjonen før koronakrisa tok laust. Magni Øvrebotten vekslar mellom heimekontor og dagar på kontoret i Førde.