8. februar 2012

TV-debut og sommarfuglar i magen

Denne veka har TV vore i fokus, og i dag var det premiere på to flotte videosnuttar. Eg og kollega Hans-Olav laga ein video om livet som nynorskpraktikant. Han fyl meg og mine morgonrutinar på NRK-huset frå tidleg morgon og fram til lunsj, som får ein noko spesiell slutt. Vi får sjå om eg kan […]

Denne veka har TV vore i fokus, og i dag var det premiere på to flotte videosnuttar.

Eg og kollega Hans-Olav laga ein video om livet som nynorskpraktikant. Han fyl meg og mine morgonrutinar på NRK-huset frå tidleg morgon og fram til lunsj, som får ein noko spesiell slutt. Vi får sjå om eg kan få lagt ut snutten etterkvart.

Det er klart mange utfordringar i det å lage TV. Ein må heile tida passe på fokus og lysforholda. I tillegg må ein stille inn kvitbalansen for kvar nye vinkel. Eg trur vi fekk dette til høvelg bra, det kjennes veldig bra når ein får det til. Så dette ga heilt klart blod på tann, og TV er noko eg gjerne vil jobbe mykje meir med i framtida, gjerne framom kamera.

Elles reiser vi til Oslo om ikkje mange timane.  Det skal vi i fleire dagar kose oss på hotell i storbyen og besøke ulike redaksjonar og (forhåpentlegvis) framtidige arbeidsgivarar. Dette vert stort! Eg gler meg vanvittig mykje, og kjenner det kriblar i magen etter å gå i gangane til det O» store Marienlyst, der så vanvittig mange dyktige folk tilbring arbeidsdagen sin. Ellers er det sett av tid til teater og anna moro, vi skal treffe tidlegare praktikantar og sjå korleis dei har det på jobb. Spanande!