15. februar 2013
av Magni Øvrebotten

TV-kommentar

Dei tre siste dagane denne veka har vi hatt besøk av Eva Westvik. Ho har lært oss om korleis vi skal snakke på TV. Vi har lært om både stemmebruk, «knagging», fokus, ordval og mange andre ting. Det er vanskeleg å oppsummere det viktigaste vi har lært, men eg kan prøve å nemne nokre ting: […]

Dei tre siste dagane denne veka har vi hatt besøk av Eva Westvik. Ho har lært oss om korleis vi skal snakke på TV. Vi har lært om både stemmebruk, «knagging», fokus, ordval og mange andre ting. Det er vanskeleg å oppsummere det viktigaste vi har lært, men eg kan prøve å nemne nokre ting:

For det første, må vi snakke i eit behageleg tempo. Dersom vi snakkar for fort, får ikkje sjåaren med seg det vi seier. Dersom vi snakkar for seint, kan det bli unaturleg og kjedeleg. Tempo i TV er kanskje endå viktigare enn på radio, for på TV skal sjåaren også få med seg bileta. I tillegg må vi velje andre ord på TV, vi må til dømes ikkje alltid forklare kven som snakkar, for det kjem opp skriftleg i TV-ruta.

For det andre, må vi «knagge» alt vi ser. Det vil seie at vi forklarar det som er på skjermen, slik at alle heile tida forstår det som skjer. Det er viktig å ikkje vere for tydeleg, for då kan det opplevast som bildenært. Det skjer når vi fortel nøyaktig det som er i bildet, til dømes dersom ein mann er på TV, og kommentaren seier «dette er ein mann». Det funkar sjeldan bra i nyheitsinnslag.

For det tredje, er det viktig med gode ordval. Vi må velje dei orda som vi føler er riktig. Dersom saka passar til det, kan vi bruke morosame ordspel og kreative formuleringar, men ikkje for mange. Det viktigaste er at alle forstår det saka handlar om, og at orda vi bruker er korrekte, og står bra til bileta.

Etter ein dag med teori på onsdag, har vi dei siste to dagane prøvd å lese inn nye kommentarar på gamle nyheitsinnslag. Dei gamle kommentarane er fjerna, og vi veit ikkje kva dei sa. Derfor må vi skrive nye kommentarar, og lese dei inn i Final Cut, TV-redigeringsprogrammet til NRK. Når vi har lest inn kommentarane til ei sak, får vi tilbakemeldingar frå Eva Westvik. Så blir vi vonleg betre til neste gong vi skal lese inn TV-kommentar.

Hanne

ØVER: Hanne øver seg på å lese TV-kommentar.