22. februar 2012

TV og HF (og ENPS og DKSF)

Blogging må til, vert det sagt. Me er nok generelt eit dårleg kull når det kjem til blogging. Dei par siste gongane har me (iallfall eg) blogga berre fordi Tone Lin og Magni har (med rette) masa. Eg skal verte flinkare. Vonar eg. Fordi ein har nok å blogge om, det skal seiast. Oslo-tur, TV-opplæring […]

Blogging må til, vert det sagt. Me er nok generelt eit dårleg kull når det kjem til blogging. Dei par siste gongane har me (iallfall eg) blogga berre fordi Tone Lin og Magni har (med rette) masa. Eg skal verte flinkare. Vonar eg. Fordi ein har nok å blogge om, det skal seiast. Oslo-tur, TV-opplæring og trening i direkteinnslag på radio (eit sokalla HF-oppdrag), berre for å nemne noko. Sistnemnde skjedde i dag, og var kjelde til mykje moro. Tre minutt og tretti sekund skulle dette liksominnslaget vare, og for nokon kan det vere altfor lite tid, men for andre kan det vere litt det motsette. Mellom anna så gjekk Hans-Olav litt i beit for spørsmål om tjukkasar i Sogn og Fjordane. Så litt uti reportasjen gjekk det i «ja, har du mykje tunge vener då?». Og: «er det mykje feite folk som kjem hit [til treningssenteret]». Og eg lo og lo. Så det skal han ha. Eg oppfordrar min kjære sambuar til å legge det ut sporenstreks. For min eigen del, så «lærte» eg å lage caffe mocca (rar skrivemåte, men det er visst det som er det gjengse). «Lærte» fordi eg laga ikkje ein caffe mocca i det heile. Eg juksa og laug. Som ein jo kan gjere på radio. Kva eg laga, veit eg ikkje. Men ein slags hybrid mellom ein mocca, ein espresso, og vanleg svart kaffi, trur eg det vart. Grunnen til jukset, var rett og slett ein øydelagd mocca-funksjon på kaffimaskinen. Men mocca måtte eg ha, fordi det meinte eg skapte den beste radiosituasjonen. Og reint bedrag var det jo ikkje, sidan mocca-funksjonen fungerer til vanleg. Så eg og Ingvild Viken Holsen, Pikant sin eminente restaurantsjef, laga oss mocca, ferdig med det. Ein stor takk til henne som stilte sporty opp for ein stakkars praktikant som skulle øve seg. Kjekt. Ein annan ting som er kjekk, er god opplæring og pedagogikk. Det sørga Eva Westvik for (i tusenfold) då ho gav oss ei heilt nydeleg innføring i TV-kommentar (og journalistikk generelt sett, eigentleg). Eg har nok alltid sett på TV som det mest skumle, og kanskje det minst aktuelle akkurat no i førsten. Men no ser eg ganske annleis på det. I tillegg skal eg starte med TV i internpraksisen, så dette vert spanande. Må eg skrive meir no då? Om Oslo-turen kanskje? Den var artig. Tore Sagen og mykoplasma-Bjarte sat i same rom som meg ved to høve. Og eg hadde ein fin prat med Dan. Fekk lyst å jobbe på Marienlyst.