21. juni 2016

Underhaldande prisutdeling

Fredag 24. juni kl.12.00 vert Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar delt ut i Aasentunet i Ørsta. Prisvinnaren Jon Hustad er kjend for å kunne spissformulere seg, både munnleg og skriftleg, og etter prisutdelinga skal han intervjuast. Det kan bli ei oppleving. Arrangementet er gratis, så det er berre å møte opp.

Håkon Haugsbø er leiar for juryen som deler ut denne prisen. Fyrst skal han fortelje kvifor Hustad får prisen i år og gje han dei 50.000 kronene og eit kunstverk. Når prisvinnaren har fått takka skal vi sjå klypp frå nokre av spissformuleringane hans i TV 2-programmet Underhuset før Håkon Haugsbø intervjuar Jon Hustad.

– Det er fyrste gongen vi vel å presentere prisvinnaren med eit eige intervju og vi har store forventningar til at det kan bli ei underhaldande, og for nokon kanskje ei provoserande, oppleving. Før om åra har vi hatt debattar, kåseri, musikk og anna underhaldning som råme kring prisutdelinga. I år satsar vi på at ord står seg åleine,  seier Magni Øvrebotten, som er sekretær for juryen.

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar vert delt ut for ellevte gong og Hustad er det tolvte prisvinnaren. Sjå meir her