16. oktober 2015
av Magni Øvrebotten

Besøk av Olav Viksmo Slettan

Då Olav Viksmo Slettan kom inn døra på loftet var det fem spente og kunnskapssøkjande praktikantar som møtte han. Fem timar seinare hadde samtlege praktikantar fått meirsmak på å vere direktereporter i felten.

 

INTERVJUØVING: Elise Sundfør Erdal testar HD-sendaren og intervjuar Even Lusæter i kantina. Til stor under underhaldning for resten av praktikantane.

INTERVJUØVING: Elise Sundfør Erdal testar HF-sendaren og intervjuar Even Lusæter i kantina. Til stor under underhaldning for resten av praktikantane.

 

Lite visste me om kva dagen skulle by på. Det einaste me var sikre på, var at me skulle ut og intervjue folk direkte på radio. Og fleire av oss kjente på nervane.

I løpet av to effektive timar lærte me tips og triks for korleis vere ein god direktereporter og korleis me skulle få til å sende lyd direkte frå iPhone eller hf-sendar og til studio. Innimellom fekk me også røvarhistorier frå Olav Viksmo Slettan si lange og varierte karriere innanfor NRK.

DIREKTEREPORTER: På Elvetorget prøvde Kjersti Anderdal Bakken å få sunnfjordingar i tale.

DIREKTEREPORTER: På Elvetorget prøvde Kjersti Anderdal Bakken å få sunnfjordingar i tale.

 

Med sveitteperler i panna sprang så alle praktikantane til kvar sin kant med mikrofonen i handa. Nybyrjarnervar til trass, Viksmo Slettan syntest me klarte oss bra.

Smilande takka praktikantane for ein flott dag. Jammen gav det meirsmak å vere direktereporter i felten.