20. februar 2017

Utlysing av kull 27

Vi lyser ut kull 27 den 8. mars. Den faste søknadsfristen er 15. april. I år er det påskeafta, så vi kjem nok til å gje søkjarane frist til andre påskedag med å levere søknaden. Det vil seie 17. april.

Utlysinga kjem på nettsida vår her og på NRK sine jobbsider, pluss på nettet og i radio. Kull 27 skal byrje på opplæringa i Førde måndag 21. august. Det vert opplæring og praksis i Førde fram til jul, og deretter to månader i ekstern praksis. Dei er ferdige som nynorskpraktikantar til 1. mars 2018. – Dei som har tenkt å søkje kan godt finne fram attestar og vitnemål, for det ynskjer vi vert lagt ved søknaden på søkjeportalen Web Cruiter, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Det er faglærar Randi Indrebø og Magni Øvrebotten som skal tilsette kull 27 i byrjinga av mai.