19. mars 2015

Heidra for beste reportasje og beste radiosatsing

Gullrosen er NRK sin internpris for Nyheitene og Sporten for å heidre eigne tilsette. To tidlegare nynorskpraktikantar Roger Sevrin Bruland, reporter i NRK Utanriks og Katrine Nybø, reporter i Nyheitsdivisjonen, vann begge roser. Bruland for beste reportasje og Nybø for beste radiosatsing.

Beste reportasje

Roger Sevrin Bruland (Foto: David Erlandsen/NRK)

Roger Sevrin Bruland t.v. saman med Arne Berg i » Jungeltelegrafen» under prisutdelinga (Foto: David Erlandsen/NRK)

I fjor haust reiste Roger Sevrin Bruland, reporter i NRK utanriks, til Bucuresti i Romania. Han hadde med seg videokamera og filma då han kraup ned i kloakken til ungdom og born som bur der. Saka gjekk i Søndagsrevyen og viste ei verd langt vekke frå det vi kjenner. For dette vann han Gullrosen for beste reportasje. I grunngjevinga skriv juryen dette:

Sjelden kommer lukt, håpløshet og fellesskap gjennom ruta som i denne reportasjen. Det som blir formidlet fra en verden vi knast hadde fantasi til å forestille oss, treffer magen og får seerne til å reflektere over hvordan dette kan skje i et EU-land. Jobben som er gjort, både i forkant og underveis med å oppsøke dette miljøet er beundringsverdig og modig.

Gullrosen for beste reportasje er Kloakkbarna og går til Roger Sevring Bruland (reporter og foto) og Gabrielle Steinagard.

 

 

 

Beste radiosatsing

Katrine Nybø var prosjektleiar og vaktsjef for ei unik maratonsending som gjekk på P2 i fjor. Under opningsdagen til fotball-VM hadde P2 ei ni timar lang temasending om Brasil.

Katrine Nybø (Foto/NRK)

Katrine Nybø (Foto/NRK)

– Det er utruleg kjekt og godt å få ros for hardt arbeid. Dei fleste som høyrer sendinga tenker kanskje ikkje over alt arbeidet som ligg bak. Vi hadde lite tid og mange oppgåver, fordelt på nokre frå menneske. Då det er kjekt å få heider for jobben. Kollegaene mine er kjempeglade for prisen, seier Katrine Nybø.

For henne betyr det kanskje spesielt mykje. Ho var på den tida tilkallingsvikar i ei tøff økonomisk tid i NRK, og mange gode kollegaer måtte slutte. Så då ho fekk dette i fanget, såg ho på det som ein sjanse til å vise kva ho kan få til og kva ho er god for.

– Eg jobba steinhardt heilt åleine dei første vekene, og å få slik ros er stort og rørande, det kan eg ikkje leggje skjul på. Det gjekk ikkje mange dagane etter sending før eg fekk tilbod om fast jobb, fortel Katrine Nybø.

Grunngjeving:

Radiolytterne fikk et variert og vidtfavnende møte med et sted midt i begivenhetenes sentrum denne dagen. Reportasjer og samtaler utvidet våre kunnskaper om vesentlige problemstillinger, mens live-musikk, kaffesmaking og sambadans krydret sendingen med opplevelser. På fotball-VMs åpningsdag ble vi kjent med Brasil på en helt spesiell måte – og ingen av sendingens ni timer var like.

Gullrosen for beste radiosatsing går til Temadag Brasil i P2.

Vinnerne er: Katrine Nybø, Ulf Tannæs-Fjeld, Nina Kammersten, Hege Holm, Arne Berg, Oda Holm Gulbrandsen, Finn Lie, Arnt Stefansen og Joar Hoel Larsen.

– Eg er så stolt over dei andre i teamet bak som er så dyktige, og også av meg sjølv som fekk til noko slikt utan å heilt vite kva og korleis eg skulle starte. Eg vil definitivt jobbe å få gjere liknande prosjekt i framtida, seier Katrine Nybø.