20. august 2018

Vegard Tjørhom attende til NRK

Vegard Tjørhom har sagt opp som kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp for å byrje i eit årsvikariat i NRK Nyhende i byrjinga av oktober. Han skal arbeide i deskredaksjonen og skal dermed arbeide med både nett, radio, fjernsyn og SoMe i ulike fagredaksjonar. – Eg har likt med godt i Kirkens Nødhjelp, men har sakna journalistikken, seier Vegard Tjørhom.

Vegard Tjørhom (1987) var nynorskpraktikant på kull 18, våren 2013. Han hadde ekstern praksis i NRK Utanriks og var tilkallingsvikar der ut året. Frå januar til juni 2014 var han praktikant i FN. Etter at han kom att frå USA var Tjørhom vikar/tilkallingsvikar i utanriksavdelinga i NRK, og arbeidd også elles i nyhendeavdelinga for nett, radio og fjernsyn. No kjem han att etter å ha vore kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp i nokre år.

Før Vegard Tjørhom byrja på NRK Nynorsk mediesenter hadde han studert statsvitskap og fransk ved Universitetet i Oslo, og vore sommarvikar i Stavanger Aftenblad, Vårt Land og Dalane Tidende.

Han hadde studert Afrikanske og asiatiske studiar ved Universitetet i Oslo og Tverrkulturell kommunikasjon ved Hald Internasjonale Senter (Mandal). Han hadde vore eittåring i Mali, for Det Norske Misjonsselskap. Då arbeidde han i landsbyen Douentza nord i Mali, mellom anna i ein barnehage for norske ungar og med dataundervising for malisk ungdom.