29. august 2016

63 % arbeider i media

Per 29. august 2016 har vi sendt frå oss 120 nynorskpraktikantar og 63,3 % av dei arbeider i media. 51,7 prosent i NRK. – i dag har eg sjekka stoda nøye og er glad for at prosenten går opp frå 60 % til 63 % sidan 15. august. Det er fleire som framleis arbeider i media enn eg visste då, seier Magni Øvrebotten. Til denne tid i år har tre tidlegare nynorskpraktikantar fått fast arbeid i NRK. Totalt har 47 tidlegare nynorskpraktikantar fast arbeid i media, 41 av dei i NRK.

– I denne bransjen får vi glede oss over alt som går framover, og stå i kampen for å ta vare på dei beste nynorskpraktikantane vi har lært opp. Eg prøver å gje leiarane varsel om talenta som finst, med skiftande hell. Prøver óg å halde motet oppe hjå dei som lever med stadig stuttare kontrakter, men eg føler det er fattig trøyst eg har å gje, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter. Likevel er det eit løft å tenkje over at vel 63 % av 120 nynorskpraktikantar framleis heng med i media.

Ho minner tidlegare nynorskpraktikantar om at det er viktig at dei syner til at dei har opplæring frå NRK Nynorsk mediesenter når dei søkjer arbeid i NRK, fordi det er denne bakgrunnen som gjev dei tre år prioritet til stillingar dei er fullt ut kvalifiserte for. Øvrebotten håpar også at dei som tilset praktiserer denne regelen som er vedteken av toppleiinga i NRK. Ho håpar óg at handlingsplanen for nynorsk i NRK, som skal vere ferdig til nyttår, skal gjere at fleire talent får seg arbeid. – Det er forferdeleg frustrerande å sjå gode folk gå og ikkje kunne gjere noko med det. Særleg i avdelingar som har ein dårleg nynorskprosent, men ikkje bryr seg om å gjere noko med det, seier Øvrebotten.