28. august 2019

Vi er 15 år måndag

Den 2. september er det 15 år sidan NRK Nynorsk mediesenter vart opna av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. I Førde markerer vi det med grovskiver og kransekake i lunsjen på måndag.

Det fyrste kullet med nynorskpraktikantar byrja rett nok 1. september 2004, men statsråden kunne ikkje kome før dagen etter. Då var det offisiell opning på Sunnfjord hotell, i beste sendetida til NRK Sogn og Fjordane.

– For ein kulturminister er det gledeleg å konstatere at NRK kjenner sitt kulturpolitiske ansvar, sa kulturminister Valgerd Svarstad Haugland på opninga. Ho sa det vel vitande om at Nynorsk mediesenter ikkje hadde vorte noko av om ikkje ho, som generalforsamling for NRK, hadde stoppa styrevedtaket om å legge NRK Sogn og Fjordane administrativt under distriktskontoret i Bergen. I 2002 hadde det møtt sterk folkeleg motstand i Sogn og Fjordane, som ville ha sitt eige distriktskontoret, som alt då hadde lært opp mange nynorskbrukande journalistar. Gjennom Nynorsk mediesenter vart det arbeidet sett i system, og opplæringa og praksisen praktikantane får skjer i eit nært hopehav mellom nyhenderedaksjonen og mediesenteret i Førde.

– Vi er heilt avhengige av at NRK Sogn og Fjordane har ein god og pulserande nyhenderedaksjon og sendingar på alle plattformer for å gje nynorskpraktikantane den opplæringa dei får her. Det er den viktigaste suksessfaktoren, saman med kresen rekruttering, eit sterkt nynorskmiljø og oppfølging av praktikantane etterpå, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter i 15 år. Per dags dato har 150 nynorskpraktikantar fått opplæringa si i Førde, og 57 prosent av dei arbeider i media. 38 prosent er i NRK.

Linda Eides spådom

På opninga i 2004 var Gry Molvær Hivju programleiar for opningsfesten. Der song og spelte Odd Nordstoga, Oddvar Torsheim og Sigrid Moldestad med gruppa Gamalnymalt. Olaug Nilssen las diktet «Målet vårt», dåverande språkdirektør Sylfest Lomheim snakka om kva Nynorsk mediesenter ville bety for nynorsken og Linda Eide kåserte om å vere «nynorskjournalist». Ho gav mange døme på at det slett ikkje var rosenraudt. – Men livet som nynorskjournalist inneheld også glede. Glede over å kjenne seg seg sjølv att i språket, glede over at nokon seier at du har fin dialekt, og glede over retten til ord som kjærleik, andlet og kveik, før ho avslutta med denne spådomen: – Og ein dag vil det berre følgje glede med det å vere nynorskjournalist. Nynorsk mediesenter er eit steg på vegen dit, sa Linda Eide i 2004.

Kvar er fyrste kullet?

På det fyrste kullet gjekk Inger Johanne Sæterbakk, frå Bodø/Orkdal, Svein Ove Hansli, Vinje i Telemark, Knut Åge Teigen, Årdal/Bærum, Eli Bjelland, Stord, og Maria Rivedal, Naustdal/Oslo. Alle har arbeidd i media etterpå og tre av fem gjer det framleis. Sæterbakk er språkkonsulent på Det Norske Teatret, Hansli er nyhenderedaktør i Nationen, Teigen er oppvekstsjef i Luster kommune, Bjelland er journalist/programleiar i NRK Nyhende og Rivedal vaktsjef/journalist i NRK P3 sin TV-redaksjon.

Dei to fyrste faglærarane var Synnøve Hole og Arild Nybø. Hole er journalist/programleiar i NRK Møre og Romsdal og Arild Nybø er leiar/skipar av medieverksemda Mediebruket i Førde. Og i Førde er kull 31 under opplæring.