30. april 2019

– Vi har vakse med oppgåvene

I dag sende vi frå oss kull 30 til ekstern praksis fram til 1. juli. Med dei har 150 nynorskpraktikantar fått opplæring som journalistar i NRK Nynorsk mediesenter og NRK Sogn og Fjordane sidan starten i 2004. På oppsummeringa var nynorskpraktikantane samde om at dei hadde vakse og lært mykje dei fire månadane i Førde. – Å søkje meg hit er det smartaste valet eg har gjort så langt i livet, sa Magnus Urup Helle.

Ola Weel Skram song på avsluttinga med heile NRK Sogn og Fjordane, og Tonje Noreng Trøen og Idunn Lavik framførde eigenskrive dikt om livet som praktikant. Mangt og mykje vart teke på kornet der. Ragnhild Voreland delte ut blomar og i tillegg vanka det gåver til dei tilsette i Nynorsk mediesenter, som takk for at nett desse fem nynorskpraktikantane hadde fått denne sjansen og opplæringa.

Også kull 30 fekk med seg dei tradisjonelle fire koppane med «Nynorsk takk» på, og leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, minna dei om at dei reiste herifrå som føredøme for både nynorsken og eigne dialektar. Ho håpa at dei kjende seg som stolte og trygge nynorskbrukande journalistar, som både veit kvar dei sjølve kjem frå og kvar dei har vore og lært journalistikk.

Dei langsiktige fylgjene av Nynorsk mediesenter

Med kull 30 har NRK Nynorsk mediesenter lært opp 150 nynorskpraktikantar, og av dei 145 som er ferdige har 57 prosent arbeid i media og 40 prosent er i NRK.

Distriktsredaktør Terje Gilleshammer er også leiar av språkstyret i NRK. Det hadde møte i går og han meiner å merke ein ny haldning til nynorsk i NRK, både som eit godt og klårt språk og at redaksjonane set seg eigne nynorskmål. Kringkastingssjefen har sagt at i 2019 skal NRK nå målet om minst 25 prosent nynorsk. – Eg trur at vi no ser dei langsiktige fylgjene av det målretta arbeidet som har vore drive gjennom Nynorsk mediesenter. Svært mange reaksjonar har dyktige medarbeidarar som byrja her og som er stolte av å ha gått Nynorsk mediesenter, sa Gilleshammer, før han takka kull 30 for mykje godt arbeid i redaksjonen og gav dei kvar sin ryggsekk.

Bilete: Tonje Noreng Trøen skal ha ekstern praksis i NRK Supernytt, Ragnhild Voreland i NRK Finnmark, Ola Weel Skram i NRK Sogn og Fjordane, Magnus Urup Helle i NRK Sporten og Idunn Lavik i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende.