4. februar 2019

Vi lyser ut kull 31 i mars

Tradisjonen tru har det kome ein del telefonar om når vi lyser ut neste kull. Det gjer vi tidleg i mars og søknadsfristen er 15.april. Utlysinga vert lagt ut på denne nettsida og påsifa for ledige stillingar i NRK.

– Det er søknadsfrist måndag i påskeveka og då er vi klar til å kalle inn til intervju rett etter påske. Vi reknar med å ha tilsett kull 31 innan 11. mai, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Kull 31 skal byrje på opplæringa i Førde 19. august og skal vere der i praksis til 20. desember. Etter to månader ekstern praksis i 2020 er dei ferdige med halvåret som praktikantar til 1. mars 2020.