24. mai 2013

Vi treng ny faglærar

Etter å ha vore faglærar for sju kull vil Tone Lin Støfring Skovro attende til journalistikken på heiltid. Difor søkjer vi etter ny faglærar med søknadsfrist 7. juni.

Det er ei fast stilling og faglæraren må vere på plass frå 1.august.  Vi søkjer etter ein dyktig journalist og nynorskbrukar, med gode allmennkunnskapar og røynsle frå radio, fjernsyn og nett. Arbeidsstaden er Førde.

Den som vert tilsett må ha høgare utdanning og ha lett for å lære frå seg. Det er snakk om ei svært målretta opplæring, i nært samarbeid med redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane. Faglæraren må ha evne til å skape forståing og iver for godt språk og god journalistikk, og like å rettleie og ha med ungdom å gjere.

Om du er interessert i jobben kan du kontakte Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter, på telefon 970 55 201, eller på e-post: magni.ovrebotten@nrk.no

Søkandsfristen er 7.juni.

Her kan du søkje på stillinga