27. juni 2019

Vi trengst

NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter i Førde lærer i dag opp fleire nynorskbrukande journalistar enn dei seks journalistutdanningane her i landet til saman. Dette syner ei rundspørjing Framtida.no har gjort. – Det syner at vi trengst, seier Magni Øvrebotten, leiar for NRK Nynorsk mediesenter.

Her er artikkelen som framtida.no la ut i dag:

Åtvarar mot mangel på journalistar som skriv nynorsk: – Skuffande og alvorleg

Bilete er frå 2013, då Nynorsk avissenter kom til, og praktikantane frå begge opplæingane vart fotograferte. NRK Nynorsk mediesenter har drive i 15 år og lært opp 150 nynorskpraktikantar per dags dato. Vi lærer opp ti i året, fordelt på to halvårskull. Nynorsk avissenter har fire til fem praktikantar per kull, og  har per 1. juli 2019 lært opp 50. Det er kull 13 som byrjar i Nynorsk avissenter til hausten.