12. februar 2013
av Magni Øvrebotten

Videoveke

Førre veke begynte vi å arbeide med TV. Vi lagde nokre prøvefilmar, og lærte oss om Final Cut, redigeringsprogrammet til NRK. I prøvefilmane våre skulle vi gå saman i grupper, og lage ei fiktiv nyheitssak. Eg var på gruppe med Inger Johanne, og vi laga eit innslag om ei dame som var skuffa over at […]

Førre veke begynte vi å arbeide med TV. Vi lagde nokre prøvefilmar, og lærte oss om Final Cut, redigeringsprogrammet til NRK. I prøvefilmane våre skulle vi gå saman i grupper, og lage ei fiktiv nyheitssak.

Eg var på gruppe med Inger Johanne, og vi laga eit innslag om ei dame som var skuffa over at intelligensorganisasjonen Mensa berre har tre medlemmer i Sogn og Fjordane. Ho ville gjere noko med saka, og tok ein IQ-test i regi av Mensa. Målet var å bli medlem, for å auke det låge medlemstalet i Sogn og Fjordane. Det enda med at ho ikkje besto testen, og gjekk ut på gata for å oppmode andre om å prøve å bli medlem.

Den andre gruppa, som besto av dei tre andre praktikantane, laga eit innslag om dei sjeldne sjukdomane ullemi og anoraksi. Den handla om eit ektepar der kona alltid måtte bruke ull, og mannen alltid måtte bruke den same anorakken. Dette førte til problem, mellom anna fordi anorakken byrja å lukte etter 30 år i bruk, utan vask.

Denne veka skal vi jobbe med språk, både skriftleg og munnleg. I går og i dag har vi besøk av førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jan Olav Fretland, som skal lære oss om nynorsk. Han liknar forresten litt, både på norsklæraren min frå vidaregåande, Paul Bakken, og på Odd Børretzen.