18. mars 2010

Vilje

Å ha sterk vilje – det Kari Bremnes kallar «bevernylonvilje» – er ei gåve. Nokon av oss har så vi kunne delte med fleire, andre har for lite. Sjølv er eg sikker på at den dagen  viljen sviktar meg er eg ille ute. – Ho overlever her fordi ho har så sterk vilje. Ho vil verkeleg bli journalist og […]

Å ha sterk vilje – det Kari Bremnes kallar «bevernylonvilje» – er ei gåve. Nokon av oss har så vi kunne delte med fleire, andre har for lite. Sjølv er eg sikker på at den dagen  viljen sviktar meg er eg ille ute.

– Ho overlever her fordi ho har så sterk vilje. Ho vil verkeleg bli journalist og ho skjønar at det krev stor eigeninnsats for å bli ein dyktig journalist. Dette sa  ein redaksjonsleiar då eg spurde etter ein tidlegare nynorskpraktikant redaksjonen hadde som tilkallingsvikar.

Det overraska meg ikkje at vedkomande fekk denne attesten, for det var nettopp denne utstrålinga av at «dette vil eg» som gjorde at ho vart nynorskpraktikant. Ho var og følte seg veldig ung, men var likevel fullt på høgde med medpraktikantar med betydeleg meir utdanning. Ho hadde vilje og entusiasme, og det er ei sterk blanding, i møte med skiftande redaksjonsleiarar.Sjølvsagt trengst det talent i botn, men det er ikkje nok om det ikkje er driv og vilje til å bruke og utvikle det.

Kari Bremnes har skrive fantastisk godt om vilje i songen «Beskyttelse», på CD-en «11 ubesvarte anrop»:

Overlevelsesdrakten din heter vilje, og hvis den passa dæ e du heldig. Det er fort gjort å få utdelt feil størrelse der, man sku fått prøve viljen på før man tok den i bruk, for å være sekker på at den passa. Kor kan æ få kjøpt en ny vilje, den må være seig, b e v e r n y l o n v i l j e Nån har svak vilje og skulle trengt en sterk, nån har en sterk de aldri får bruk for, livet gjør det ikkje nødvendig.