30. november 2015

Von kommunikasjon

Von kommunikasjon heiter selskapet Vegard Troøyen Foseide har skipa og driv saman med ein tidlegare kollega. Dei lagar kampanjar og filmar for organisasjonar som Redd Barna, Kirkens nødhjelp og Fredskorpset

Av dei 115 nynorskpraktikantane vi har sendt frå oss arbeider 12 som rådgjevarar og kommunikasjonsfolk i: Barne-og likestillingsdepartementet, Språkrådet, Forbrukarombodet, Skatt Vest, Røde Kors, Senterpartiet, Norske kunstforeninger, Norges Bondelag, Bisquit Norge, «Leser søker bok», NTNU og Von kommunikasjon.

Vegard Troøyen Foseide (1984) gjekk på kull 13 med nynorskpraktikantar, 2010/11. Han fekk fast jobb som informasjonskonsulent i Changemaker etterpå. Då han i 2014 slutta i jobben i Changemaker var planen å gjere ferdig studia, medan han og ein tidlegare kollega gjorde nokre frilansoppdrag ved sida av.

– Det byrja med å lage ein podkast om internasjonale skattespørsmål for organisasjonen Tax Justice Network, www.taxjustice.no/taxcast, og så vart det fleire typar kampanje- og kommunikasjonsarbeid for ulike organisasjonar som Redd Barna, NOAS, Fredskorpset, Slett U-landsgjelda, Kirkens Nødhjelp med fleire. Så vi starta opp eit eige selskap, www.Vonkommunikasjon.no, og vi driv framleis på med det.  Eg er dagleg leiar i Von kommunikasjon, som hovudsakleg hjelper organisasjonar med å lage kampanjar og filmar for å formidle sine bodskap, seier Foseide.