23. februar 2012

Wilhelm bloggar som ein gal

Wilhelm har starta eit voldsomt bloggkøyr, så her gjeld det å halde fylge med han. I dag hadde me ball på pikken, viss det er lov å seie. Han var litt tørr, men elles var det god torsdagsmat som alltid. Det er vanskeleg å fylle eit blogginnlegg når ein ikkje har gjort noko særleg sidan […]

Wilhelm har starta eit voldsomt bloggkøyr, så her gjeld det å halde fylge med han. I dag hadde me ball på pikken, viss det er lov å seie. Han var litt tørr, men elles var det god torsdagsmat som alltid. Det er vanskeleg å fylle eit blogginnlegg når ein ikkje har gjort noko særleg sidan sist. Me hadde besøk av Solveig Hareide i dag då. Ho er kjend frå eteren, så det var stas. Tidlegare nynorskpraktikant er ho òg. Det var artig å høyre kor redd ho hadde vore under praksistida her (alltid godt når ein kan relatere til ting), og sjå kor langt ho har kome trass alt. Ho lærte oss å pitche (som det heiter på godt nynorsk) programidéar, noko ein kanskje plutseleg vil få bruk for…? Artig var det iallfall. Om vår idé nokon gong vert plukka opp derimot, vil vise seg. Kontakt oss om du treng eit inspirerande program om folk som har fulgt draumane sine, Hans-Tore (sjølv om du ikkje er i målgruppa direkte, trur eg du vil like det. Dette skal verte hjarte-TV på høgt nivå (primetime i ein vekedag på NRK1 forresten)). I morgon vert det språkfokus att. Vår språkkontakt på huset, Noralv, skal lose oss gjennom med stødig hand og treffsikre vendingar (som «ball på pikken» kanskje?). Nyt kvelden i tusenfold, folkens. Kjempemessig.