3. oktober 2018

Wilhelm Støylen til Super

Wilhelm Støylen (38) er tilsett i Super-redaksjonen i Førde og skal no lage dokumentarar for born på heiltid. Han kjem frå jobben som journalist i NRK Sogn og Fjordane. – Eg er veldig glad. Dette har eg hatt lyst til heilt sidan eg kom til Førde. Har vore med litt langsmed, men det vert godt å kunne arbeide konsentrert med det dagleg, seier Wilhelm Støylen.

Super-redaksjonen i Førde er oppretta for å få meir nynorsk og kvardagsliv i barneprogramma i NRK. Det er tre tilsette i redaksjonen. Pioneren i dette arbeidet, Eva Westvik, sluttar til jul for å bli journalist i Fjordenes Tidende i Måløy. Det er jobben etter henne Wilhelm Støylen har fått.

Støylen er utdanna skodespelar og har arbeidd ved fleire teater. Han har vore programleiar i BarneTV og Barnetimen i to år og var nynorskpraktikant i NRK Nynorsk mediesenter våren 2012. Fast tilsett i NRK Sogn og Fjordane i 2017, og har tidvis arbeidd for Super-redaksjonen i Førde, jamsides jobben i dk-redaksjonen.