27. august 2012

Wordfeud på nynorsk

I løpet av hausten vert det mogeleg å spele mobilspelet Wordfeud på nynorsk. Vel eitt år etter at grunnleggjaren Håkon Bertheussen lanserte det 1. august 2011, på bokmål og fleire utanlandske språk. Spelet vart ei farsott og mange nynorskingar etterlyste kvifor nynorsk ikkje kunne brukast i eit ordspel. Denne gongen nytta det å spørje og snakke med rette […]

I løpet av hausten vert det mogeleg å spele mobilspelet Wordfeud på nynorsk. Vel eitt år etter at grunnleggjaren Håkon Bertheussen lanserte det 1. august 2011, på bokmål og fleire utanlandske språk. Spelet vart ei farsott og mange nynorskingar etterlyste kvifor nynorsk ikkje kunne brukast i eit ordspel.

Denne gongen nytta det å spørje og snakke med rette vedkomande. Spelet kjem på nynorsk. Håkon Bertheussen syner seg meir lydhøyr enn mange offentlege innstansar og norske avisredaktørar, som korkje bryr seg med lover, bøner eller oppmodingar om nynorsk.  Takk Håkon Bertheussen – måtte du bli eit føredøme for fleire.